Ein gründer og formueskatten

  • Man sager tresko

Smal-Hans hadde lenge hatt lyst å skape seg ein arbeidsplass ute ved kysten der han kom ifrå. Han hadde gjennom mange år spart seg opp ein slant pengar som han no ville bruke til å kjøpe seg to maskiner slik at han kunne starte det han lenge hadde drøymt om, å produsere tresko. Då kunne Smal-Hans fortsette å bu langs kysten. Smal-Hans var ein nøysam mann, midt i 40 åra.

Han starta eit aksjeselskap og ”bytte” sine oppsparte pengar mot to maskiner og tilsette Jobbe-Jon og Tøffe-Tor til å operere dei. Smal-Hans var optimist, for tresko var noko alle trengde. Han leigde produksjonslokale med Møre-Jarl, ein sunnmøring som hadde gått på børs.

Etter eit år hadde tresko-salet gitt selskapet eit overskot på 100 kroner.  Overskotet var eigentleg Smal -Hans veldig nøgd med.

Ein sein haustdag, bankar det på døra i fabrikken. Smal-Hans går bort til døra og opnar.

-Kven er du? spør Smal-Hans.   -Eg er skatteoppkrevjaren, er det slik at du har gått med overskot i år? spør han

Smal-Hans kunne ikkje anna enn stolt fortelje at selskapet hadde fått kr. 100 i overskot. -Det er bra seier skatteoppkrevjaren for då kjem eg for å hente 22 kroner av dette overskotet i selskapskatt. -Men då har eg berre 78 kroner igjen, seier Smal-Hans.

-Eg er imponert over reknekunnskapen dine, Smal-Hans. Dette lovar bra for framtida, svarer skatteoppkrevjaren. Smal-Hans gir frå seg 22 kroner til det skatteoppkrevjaren kallar ”fellesskapet”

-Mens eg likevel er her, seier skatteoppkrevjaren. Dei maskinene som du produserer tresko med, har du betalt skatt av dei? Smal-Hans blir usikker på kor han vil med spørsmålet og skatteoppkrevjaren merkar det. –Formuesskatt, har du høyrt om det Smal-Hans?

-Kva betalte du for maskinene? spør skatteoppkrevjaren. -Eg betalte 2000 kroner. svarer Smal-Hans. –Har du gjeld på dei? spør skatteoppkrevjaren. -Nei det har eg ikkje, eg kjøpte dei for pengar som eg hadde spart opp, svara Smal -Hans

– Men då er saka enkel og grei, seier skatteoppkrevjaren. Då må du betale formuesskatt på dei. Det utgjer 15 kroner.

– Eg har ikkje pengar for eg har brukt alt eg har på å kjøpe to maskiner til fabrikken min, seier Smal-Hans, kva skal eg gjera?

Utbytte

-Då må du ta utbyte frå fabrikken din slik at du får pengar, svarer skatteoppkrevjaren.   Smal-Hans blir på ein måte letta over at han kan bruke selskapet sine pengar til å betale formuesskatten sin.    –Det er berre å overføre, men ”felleskapet” må fyrst få utbytteskatten, so du må ta ut nok, seier skatteoppkrevjaren. -Heilt eksakt, må du ta ut kr.23, for eg vil ha kr. 8 i utbytteskatt og 15 kroner i formuesskatt pluss 22 kroner i selskapsskatt. Det skulle bli 45 kroner seier skattemannen.

Smal-Hans ser ut som han har vore utsatt for ran, han er smalare enn nokon gong. Eg hadde 100 kroner før det banka på døra og når han går så har eg berre kr 55 att. Skatteoppkrevjaren helsar i det han går ut døra. -Lukke til med neste år, Smal-Hans, eg kjem att til hausten.

Eitt år har gått og treskofabrikken har jobba i motvind. Smal-Hans må gjere opp rekneskapen med eit underskot på 100 kroner. Han er spent på kva skatteoppkrevjaren vil seie no. På nøyaktig same tid som i fjor bankar det på døra. Smal-Hans er godt førebudd. -God dag, skatteoppkrevjar.

Skatteoppkrevjaren helsar tilbake og nærast ransakar produksjonslokala.

-Du har fortsatt maskiner og du har fortsatt Jobbe-Jon og Tøffe-Tor i arbeid. Det er bra Smal-Hans, for dei betalar også skatt skjønar du. -Det har ikkje gått so bra i år, seier Smal-Hans. -Eg har tapt pengar, nøyaktig like mykje som eg tente i fjor. Får eg no tilbake den selskapsskatten eg betalte i fjor, sidan eg har tapt pengar, spør Smal-Hans og ser undrande på skatteoppkrevjaren. -Det er ikkje slik det verkar, seier skatteoppkrevjaren.   -Du får sjølvsagt ikkje innbetalte skattepengar tilbake, men du skal få lov til å motregne tapet, mot overskota du får i dei komande åra.

Sel ei maskin

-Det var dumt at du ikkje fekk overskot, men eg ser du fortsatt har maskinene og dei må skattast også i år, seier skatteoppkrevjaren. -Men eg har ikkje pengar på konto til verken å ta utbytte eller betale formuesskatten, seier Smal-Hans. -Eg slit meg i hel kvar månad slik at eg kan betale løn til Jobbe-Jon og Tøffe-Tor. Dei har trass alt kone og barn begge to.-Kva skal eg gjera då, spør Smal-Hans. -Eg vil tru at einaste sjansen du har, er å selje ei maskin, seier skatteoppkrevjaren. -Kor mykje blir formueskatten i år trur du, spør Smal-Hans. Skatteoppkrevjaren er framme med kalkulatoren før spørsmålet er ferdigstilt. Det blir nøyaktig kr. 12,20 kroner, og då har eg vore so grei at eg har redusert verdien på maskinene med avskrivning. Smal-Hans skjønar det ikkje heilt, men avskrivning er truleg noko positivt på måten skatteoppkrevjaren legg det fram på.

Smal-Hans føler seg uvel. Sel eg ei maskin må enten Tøffe-Tor eller Jobbe-Jon slutte, tenker han. Sel eg ikkje ei maskin vil lensmannen kome og hente maskina og selje ho på tvangssalg, og då må ein av dei slutte likevel. Eg får bedre pris om eg prøver å selge den no, tenkjer Smal-Hans. Han konkluderer på det vanskelige valget og må velge å gå den tunge vegen til Jobbe-Jon og seie at han ikkje har jobb lenger. -Men ikkje fortvil Jobbe- Jon, seier Smal-Hans. Det fins eit NAV-kontor nede i bygda som tek ansvar for deg.

Det var mange i tresko-bransjen som sleit dette året, og det å selje maskina var lettare sagt enn gjort. I alle fall for ein pris som var akseptabel. Men til slutt blei det napp og den blei selt for 315 kroner. No hadde i alle fall Smal-Hans pengar på konto til å betale skatten og litt i ryggen for å dekke løna til Tøffe-Tor. Men ei ny utfordring venta. Med ei maskin var det mogeleg å produsere berre halvparten av det dei gjorde tidligare, mens kostnadene til straum og husleige er den same. Smal-Hans tek kontakt med Møre-Jarl for å drøfte reduksjon i husleiga. Men som dei fleste sunnmøringar likar ikkje Møre-Jarl at pengane krympar, så han kjem ikkje langt med det. Smal-Hans forstår at føresetnadane for god butikk blir endå vanskelegare. -Motregne tap mot framtidig overskot, Smal-Hans tenkjer over kva skatteoppkrevjaren hadde sagt.

Sel maskin nummer to

År tre blir eit katastrofe-år for Smal-Hans. Halv omsetning og med mange av kostnadene på same nivå som tidligare, blir det eit underskot på 200 kroner. Skal dette vere liv laga må han selje tresko utanfor kommunen, og bruke pengar på marknadsføring og distribusjon., tenkjer han.

På same tid den hausten kjem skatteoppkrevjaren tilbake. -Dårlig i år også?, spør han.

-Ja, dessverre er det berre elendigheit”, svarer Smal-Hans.

-Men du har att ei maskin og no har du vel litt pengar på konto etter sal av den andre maskina, seier skatteoppkrevjaren. -Ja, eg har litt igjen på konto, men mykje har blitt brukt til å dekke underskotet, for Tøffe-Tor må ha lønn uansett kor det går svarar Smal-Hans. -Ja, men då er det i alle fall litt å ta skatt av, seier skatteoppkrevjaren optimistisk”.

”Ei maskin som no har verdi 640 kroner og 51 kroner på konto så blir det en formuesskatt på 6 kroner og femti øre, seier skatteoppkrevjaren.

-Eg har ikkje pengar til å betale deg 6 kroner og femti øre, svarer Smal-Hans og det er ulovleg å ta utbyte frå selskapet slik kapitalsituasjonen er der no. Aksjelova skjønar du. Skatteoppkrevjaren tenkjer seg om og seier seg kjend med aksjelova.- Men då må du selge den andre maskina di. Då har du rikelig med pengar til å betale skatten.

-Men då må også Tøffe-Tor slutte i jobben og eg må også finne meg noko anna å gjere, seier Smal-Hans. -Ja, det har du nok rett i, men det er viktig at fellesskapet får dei pengane dei skal ha, seier skatteoppkrevjaren.

Smal-Hans føler at livsverket er i ferd med å smuldre opp og det kun etter tre år, og at det er berre han som har teke risiko.

Byrjar på NAV

-NAV er på jakt etter fleire sakshandsamarar fordi det blir stadig fleire arbeidsledige, svarer skatteoppkrevjaren.

-Men kvar får NAV pengane frå då? spør Smal-Hans.

-Dei får pengane frå fellesskapen, og det er derfor det er så viktig at fellesskapen får dei pengane dei har krav på, svarer skatteoppkrevjaren.

Smal-Hans sel den siste maskina, legg ned verksemda og flytter inn bak skranken på bygda sitt NAV-kontor. Det ringer på klokka med varsel om neste ”kunde”. Smal-Hans lyfter blikket og møter blikket til Tøffe-Tor.   -Hei, og velkomen til NAV helsar Smal-Hans, kva kan eg hjelpe deg med?

Uten å svare spør Tøffe-Tor:- Kva som skjedde i grunnen?

Smal-Hans prøver seg på ei enkel forklaring til Tøffe-Tor: – Det var formuesskatten som gjorde at eg måtte hente penger frå selskapet for å betale den. Den skatten måtte eg betale sjølv om eg hadde underskot, så då måtte eg selje maskiner, seier Smal-Hans

Tøffe-Tor tenkjer og prøver å forstå. Han lyt tenkje litt meir. – Men trives du her på NAV? spør han. -Eg tek i alle fall ikkje risiko, svarer Smal-Hans og eg veit at eg er ein del av fellesskapet. Tøffe-Tor slit fortsatt med å forstå kva dette har med formuesskatten å gjere.

Smal-Hans prøver seg på en pedagogisk vri. -Du har høyrt om bonden som ville venje av hesten med å ete? Hadde det ikkje vore for at han svalt i hel for eit par dagar sidan, så hadde han klart det.

-Formueskatten tvinga meg til å legge ned, og seie opp blant anna deg, slik at fellesskapet fekk sitt, seier Smal-Hans. No blir det ingenting på verken meg, deg ,eller fellesskapet.

-Formuesskatten utarmar slike bedrifter som det vi var Tøffe-Tor, seier SmalHans. Vi blir som ei mjelkeku som døyr litt kvart år fordi vi blir tappa for det vi treng for å mjølke godt år etter år.   Ser du sammenhengen?   Tøffe-Tor forstår litt meir av sammenhengen, men skjønar ikkje at dette tjener fellesskapet.

-Men trøysta Tøffe-Tor, er at du har rett på dagpengar, tross alt.

Knut Haddal  – Tind Økonomi AS

Del dette innlegget

One Comment

  1. […] 2013 skrev jeg en karikert historie om Smal-Hans som er en typisk gründer. Hadde Smal-Hans hatt bedre forutsetninger i dag for tresko-bedriften sin? Vi har tross alt hatt […]

Leave A Comment